Heftet er på til saman 125 sider og inneheld over 200 bilete og andre illustrasjonar.
Heftet er delt i tre hovuddelar. Dei første 25 sidene, «Smørmeieria», omtalar bakgrunnen og prosessen som gjekk føre seg for å komme i gang med smørmeieria – og kvifor og korleis den tok slutt.
Den andre delen, «Frå jur til bord», handlar om korleis smøret vart laga og frakta til Newcastle.
Den siste halvdelen av heftet handlar om dei fem smørmeieria i Rindal og forløparane deira, organiseringa, leverandørane, styremedlemmane, meierskene, mengder mjølk, produsert smør, mjølke- og smørprisar og korleis meieria vart avvikla. Dei viktigaste kjeldene til heftet har vore ulike protokollar for dei fleste meieria, aviser og samtalar med personar.
Boka kostar kr 300 og er til sals ved Skimuseet og Coop Faghandel i Rindal, Ark Amfi i Surnadal og Bunnpris Halsanaustan. Den kan også kjøpast direkte frå Einar Forlag, men da kjem det eit tillegg påkr 100 i porto og ekspedisjon.


