Torvik-samlinga

I tida 1949 – 1952 fotograferte Olav Torvik (1899 – 1994) dei fleste heimane og ein god del personar i dåverande Halsa kommune. Arbeidet med innsamlinga av fotografia frå Skålvikfjorden sette ein på sporet av arbeidet til Olav Torvik. Dette resulterte ei gåve til FylkesFOTOarkivet i Møre og Romsdal på 547 nitrat-negativar frå Christen Settemsdal. Det er han som arva negativane etter Olav Torvik. Fylkesfotograf Ragnar H Albertsen har digitalisert dei aller fleste negativa med høg oppløsning. Kvaliteten til nitrat-negativa blir etter kvart sterkt redusert, i alle fall dersom dei ikkje blir oppbevart på ein heilt spesiell måte. Digitaliseringa av negativa saman med den trygge oppbevaringa av dei gjer at denne fotoskatten vil bli bevart for ettertida.

Ei oversikt over fotografia er samla i ein perm på Halsa Folkebibliotek.

Som lokal initiativtakar og med ansvar for identifiseringa, har Einar Oterholm rett til å formidle papirbaserte kopiar av denne Torviksamlinga. Dersom nokon ønsker ein papirkopi av fotografi frå denne samlinga til privat bruk, kan ein få det frå Einar Forlag. Papirkopien er ein svart/kvit-kopi skrive ut på fotopapir med ein inkjetskrivar. Dei aller fleste kopiane blir av svært god kvalitet.

Prisen er i 2010
for kopiar i ca (13 cm x 18 cm)
for kopiar i ca (18 cm x 24 cm)
kr
kr
75
150
+ meirverdiavgift
+ meirverdiavgift
   porto kjem i tillegg
Kvandebua på Vågland
Skoleelevar ved Vullum skole
Frå Halsanaustan