Romsdals amts praktiske jenteskoler

Desse to jenteskolane i Øksendal og Volda var forløparane til det som seinare vart husmorskolane, ei utdanning for jenter som skulle bli gode gardkjerringar. I Øksendal var skolen på Ångarden Husby med Stener Husby som styrar, på Ekset i Volda var Sigvald Hasund styrar.

Kursa gjekk over 10 månader, frå medio januar til medio desember og med ein månads ferie midt på sommaren. Elevane budde på skolane med åtte timars undervisning kvar kvardag, seks timar praktiske far og to timar vanlege skolefag.

Skolen i Øksendalen starta i 1888 og varte til og med 1896, i Volda starta den i 1893 og varte til og med 1897. I Øksendal var det til saman 164 elevar på dei ni kursa, på dei fem kursa i Volda var det i alt 87 elevar.

Heftet «Romsdals amts praktiske jenteskolar» inneheld bakgrunnen for at skolane vart etablert, omtale av undervisninga, lærebøker, lærarane og kvifor skolane vart lagt ned. For skolen i Øksendal er også skolebileta frå alle kursa med, men ein kjenner berre namna til 54 av elevane. For skolen på Ekset manglar ein skolebileta frå to av kursa, men her er namnelista til alle elevane med.

Heftet kan kjøpast hos Einar Oterholm, tlf 472 89 898 eller einar@oterholm.no Heftet kostar 250 kroner, porto og ekspedisjon på 85 kroner kjem i tillegg.

Heftet er også til sals hos Bunnpris Halsanaustan, Ark Alti Surnadal og Ark Alti Sunndal, men her er prisen kr 300.