I denne boka tek Einar Oterholm oss med gjennom historia til Nordmøre Husmorskule – frå Romsdals Amts Praktiske Pikeskole i 1887 til Nordmøre fagskole i husstell, der det siste kurset var ferdig i 1977 med 29 elevar. Gjennom nitti år fekk unge kvinner, dei aller fleste frå Nordmøre, undervisning og opplæring i både praktiske og teoretiske fag. Husmorskolane var også med på å leggje grunnlag for vidare utdanning av kvinner.
Boka inneheld også alle klassebileta frå 1921 til 1977.
Boka kom ut i 2017 og vart raskt utseld. Også den andre utgåva er no utseld.
Det fleste folkebiblioteka på Nordmøre har boka. Den finst også digitalt på Nasjonalbiblioteket (nb.no)