Kroknes laksevorpe

«DRA – DRA!» Utkikaren på krakken ser at laksen er på veg inn i vorpa, og landmannen hiv seg på tauet og dreg saman nota for å få fisken på land. Tida frå utkikaren ser fisk på veg inn i nota og til fisken er berga opp på land, er så spanande at det veg opp for dei lange, kjedelege stundene når han berre sit og stirar ned i nota.

Kroknes laksevorpe er den vorpa i landet som har den lengste samanhenganed fangsttida – frå 1400-talet og heilt til 2004 – i tillegg til at den har ei svært spesiell historie.

Denne boka gir ein grundig dokumentasjon om denne vorpa og om ein fisketradisjon som strekkjer seg attende til 1400-talet.

Boka har 92 sider med om lag 140 bilete og kom ut same dag som Kroknes laksevorpe vart gjenopna, 01.07.2019.

Den kostar kr 300 og er til sals ved butikkane i Halsa, ved Vorpå røkeri og ved Einar forlag.

Dersom boka skal sendast, kjem det porto og fakturagebyr i tillegg.