Historia til Halsa vidaregåande skole

Historia til Halsa vidaregåande skole
Einar Oterholm 2018
kr 300,- + porto og ekspedisjonsgebyr

Fokuset til denne boka er historia til «Husmorskulen», som hadde namnet Halsa vidaregåande skole, frå hausten 1977 til våren 2001, sluttfasen til eit viktig undervisningstilbod, ikkje berre for Nordmøre men for heile Møre og Romsdal.

I boka prøver ein å forklare korleis dette undervisningstilbodet vart endra etter kvart som heile skolesystemet  vårt vart endra, og som til slutt førte til at «Husmorskulen» vart nedlagt.

Boka er på 180 sider og inneheld noko over 300 bilete frå livet på Halsa vidaregåande skole, i tillegg til alle klassebileta frå og med haustkurset 1977 til og med skoleåret 2000/2001.

Boka kostar kr 300 og er å få kjøpt i butikkane i Halsa og i bokhandelen i Surnadal. Den kan også kjøpast frå Einar forlag, men da kjem utgifter til porto og ekspedisjon i tillegg, noko som i dag utgjer kr 130.