Presteskøytene

Presteskøytene
Einar Oterholm 2002
Kr 100,- +porto

Våren 1948 fekk J. M. Kleivset i oppdrag å bygge tre skyssbåtar som prestane i dei mest verharde i Finnmark og Troms skulle disponere. Dei tre skøytene som fekk namna Presteskøytene I, II og III, skulle erstatte ”Kirkeskøyta” og var finansiert av innsamla midlar i USA.

Alle tre skøytene var i kyrkjeleg teneste heilt til slutten av 1960-talet. Deretter vart alle kjøpt av private som brukte dei til ulike skyssoppdrag stort sett i samme områda.

Etter nokre år som skyssbåtar stemde skøytene sørover. Nye eigarar gjorde dei til fritidsbåtar og sommaren 2002 finn ein dei i Farsund, Lyngdal og Kristiansund.

Sommaren 2002 stemde ”Presteskøyta I” enno ein gong nordover. Ein av etterkomarane til ein av skipperane fekk kjøpt skøyta og hadde ein herleg tur nordover til Alta saman med tre av venene sine.

I heftet ”Presteskøytene” er båtbyggeriet og bygginga omtala, like eins ”Kirkeskøyta”, som framleis er i bruk som fritidsbåt på Kvaløya. Storparten av heftet inneheld historia til dei tre skøytene, frå arbeidsteikningane via dagbøker, forteljingar og fotografi frå dei ulike brukarane. Heftet blir avrunda med forteljinga om tusenårsgåva til Havøysund kyrkje – ein modell av Presteskøyta II.

Heftet er på 50 sider og inneheld om lag 65 fotografi, mange i fargar.

Heftet kostar kr 100 + til porto og ekspedisjon. Faktura blir lagt ved i sendinga.

Gunnar Hønsvik, ein av dei som enno lever og var med og bygde skøytene, tek her den 8. august 2002 i mot ”Presteskøyta I” og ”Normann” (Presteskøyta II) i Skålvikfjorden der dei første gongen fekk smake sjø under kjølane sine