Forfattaren

Einar demonstrer støveksplosjon for lærarar på grunnkurs i bioenergi. (Foto: Jørn Kjersheim)

Einar Oterholm, f. 1944, cand.real. (1971) med faga matematikk, fysikk og geofysikk hovudfag. Har arbeidd som lektor i den vidaregåande skolen, fysikkansvarleg i KPT Naturfag og prosjektleiar ved Ressurssenteret i miljølære (Ressurssenteret i Tingvoll). Han avslutta den yrkesaktive karrieren sin som rådgjevar i fornybar energi og fornuftig energibruk i Møre og Romsdal fylkeskommune. No er han pensjonist. 

Har arbeidd mykje med ulike undervisningsopplegg på ulike nivå og målgrupper innanfor emna energi, energibruk, bioenergi, solenergi, varmepumper og inneklima. Interessa for lokalhistorie har resultert i hefte, artiklar og kåseri om fleire ulike tema.

Først på 1990-talet etablerte han Einar Forlag som sitt personlege firma. Dei største skriftlege arbeida hans har kome ut der. Einar Forlag disponerer også høveleg datautstyr slik at han kan ta på seg enkle grafisk oppdrag.

Nyt no tilværet saman med kona Dordi på Klokkargarden Kleivset. I våningshuset har dei installert golvvarme der varmen kjem frå ein fliskjel. Flisa blir produsert frå eigen skog og tørka på ei ombygd høytørke i driftsbygninga. Heile takflata er ein solfangar som sørger for oppvarma luft til tørkeprosessen.

Dottera Anita bur på andre sida av Skålvikfjorden saman med samboaren Knut Vaagland og borna Sanna og Jo. Sonen Per bur på Frei saman med borna Maja og Mali.

Som pensjonist har han brukt mykje av tida til å arbeide med lokalhistorisk stoff. Det har mellom anna resultert i tre bøker: «Historia til Nordmøre Husmorskule», «Kleivsetsjyn og Plassasjyn – historie og båtar» og «Halsa kyrkje»