Halsa kyrkje

Halsa kyrkje
Einar Oterholm 2017
Kr 200,- + porto og ekspedisjon

Halsa kyrkje vart bygd i 1724 og er ei av dei vakraste korskyrkjene i landet. Kyrkja vart renovert først på 1920-talet og på 2000-talet.

Heftet «Halsa kyrkje» er på 50 sider med ca 160 fotografi og teikningar. Heftet fortel historia til kyrkja, omtalar det viktigaste av inventariet som altartavle, preikestol, orgel etc. Grensene for Halsa sokn og Halsa kommune er omtala og vist på kartskisser.

Dei viktigaste kyrkjelege handlingane er omtala, like eins dei liturgiske plagga og korleis dei blir brukt gjennom kyrkjeåret. Presterekkja er med, like eins namna på dei fleste andre tenarane. Organiseringa av kyrkja både før og etter kyrkjelova frå 1997 er også med.

Heftet kostar kr 200 + porto og kan berre kjøpast frå Halsa Menigheitskontor og Einar forlag.