Historia til Nordmøre husmorskule

Historia til Nordmøre Husmorskule
Einar Forlag 2016
Kr 300,- + porto og ekspedisjon

Boka er eit resultat av arbeidet til ei arbeidsgruppe med to tidlegare rektorar, to lærarar og Einar Oterholm som har vore sekretær og koordinator.

Boka tek oss med gjennom historia til Nordmøre Husmorskule – frå Romsdals Amts Praktiske Pikeskole i 1878 til Nordmøre Fagskole i husstell, som hadde det siste kurset sitt våren 1977 med 29 elevar.

Gjennom nitti år fekk unge kvinner, dei aller fleste frå Nordmøre, undervisning og opplæring i både praktiske og teoretiske fag. Husmorskulane var også med på å leggje grunnlag for vidare utdanning av kvinner.

Boka har 157 sider, den inneheld alle klassebileta frå 1921 til 1977 i tillegg til rundt 250 bilete som har med husmorskulen å gjere.

Boka er lettlest og har fått mykje god omtale av dei som har lest den.

Boka kostar kr 300 og er foreløpig å få kjøpt ved Bunnpris på Halsanaustan, Enge og Fjordsenteret, COOP Prix på Liabøen, Notabene på Amfi i Surnadal og Ark på Sunndalsøra, Kristiansnd (Futura og Storkaia) og Reint Logisk (Drøpping) i Tingvoll.

Boka har fått svært god omtale.

Den kan også kjøpast frå Einar Forlag, men da kjem portoen og ekspedisjon i tillegg. Faktura blir lagt ved sendinga.