Tørking av klippfisk på Korsnesa

Tørking av klippfisk på Korsnesa
Einar Oterholm 2001
Kr 150,- +porto

”Tørking av klippfisk på Korsnesa – ei attåtnæring frå slutten av 20-åra fram til 50-talet” er ein lokalhistorisk godbit av eit hefte på 20 sider med 19 fotografi og teikningar.

Alt frå barnsbeina av vart vi innprenta med at sjølve klippfiskbyen, ja der var det Kristiansund som var. Nede på Piren skal Klippfiskkjerringa minne oss og dei framtidige generasjonane om slitet på ”fiskbergan” rundt om på alle ”Lainnan”.

Folk frå ”lainnet” som om våren og forsommaren kom med dampen på bytur, kunne til langt ut i 1950-åra sjå mykje folk i hektisk aktivitet på alle saltkvite knausar og svaberg.

Men det var ikkje berre på berga i Kristiansund at det vart laga klippfisk. Mange blankskura berg og hamrar rundt om på Nordmørskysten gøymer på slike kulturminne – slik også på Korsnesa i Halsa.

Kristian Korsnes opplevde dette og har vore den viktigaste kjelda til innhaldet i dette heftet.

Til slutt i heftet har Kristian lista opp dei som han kan kome i hug deltok aktivt i arbeidet med tørkinga av klippfisk på Korsnesbergå.

Heftet blir etter kvart skrive ut på blekkskrivar. Kvaliteten på alle fotografia og teikningane er god.

Heftet kostar kr 150 + porto og kan berre kjøpast frå Einar forlag.