Bli med åt Skålvikfjorda

Bli med åt Skålvikfjorda
Einar Oterholm 1999
Kr 200,- +porto

Frå hausten 1996 til hausten 1999 har ei gruppe samla inn og registrert fotografi som har å gjere med bygda Skålvikfjorden eller den gamle skolekrinsen Løvik i Halsa kommune. I alt har ein scanna og registrert om lag 400 fotografi. Bileta saman med aktuelle opplysningar er samla i permar som etter kvart skal plasserast i grendahuset vårt.

Kanskje var det minna frå skoletimane med Aarset sine reiseturar på kartet, der han peika på kartet og tok oss med til fjerne land og rike, som inspirerte til dette heftet.

”Bli med åt Skålvikfjorda” som kom ut i oktober 1999, er tenkt som ein liten rusletur med hjelp av gamle fotografi til heimekjende tufter. Dei fleste fotografia er frå før 1965, og tanken var å gi eit lite tverrsnitt av aktivitetane i bygda vår framover til midt på sekstitalet.

Rusleturen startar nede ved ferjekaia der Nils Klevset (Klæven) lastar opp passasjerar til turen utover. Uti Skålvikfjorda har stort sett kvar heim, frå Eiabakken til Kaldbergsnaustan, fått si eiga side. Sist i heftet er det også nokre sider med bilete frå skole-, lags- og festliv.

Dersom deltakarane på rusleturen opplever berre ein liten brøkdel av den gleda eg har opplevd gjennom arbeidet med innsamlinga og registreringa, så vil det bli ein hyggeleg tur.

Heftet er på om lag 50 sider og er skrive ut på blekkskrivar. Kvaliteten på bileta varierer mykje.

Det er enno nokre få eksemplar igjen av heftet som kostar kr 200 og kan berre kjøpast frå Einar forlag.

Dobbeltbryllup i Plassa
17. mai-toget i 1950