Historia om Halsa vidaregåande skole

Fokuset for denne boka er historia til «husmorskulen» frå hausten 1977  til våren 2001,  tida den hadde namnet Halsa vidaregåande skole. Dette var sluttfasen til eit viktig undervisningstilbod ikkje berre på Nordmøre, men også i heile Møre og Romsdal. I boka prøver ein å forklare korleis dette undervisningstilbodet vart endra etter kvart som skolesystemet her i landet vart endra, og som til slutt førte til at «husmorskulen» vart nedlagt.

Boka er på 180 sider og inneheld noko over 300 bilete frå livet på Halsa vidaregåande skole i tillegg til alle klassebileta som eksisterer frå og med haustkurset i 1977 til og med skoleåret 2000/2001.

Boksleppet blir på elevtreffet på Stornaustet 22.09.2018 for alle elevane og tilsette ved «husmorskolen»

Boka kostar kr 300 og er å få kjøpt i butikkane i Halsa og i bokhandelen på Amfi i Surnadal.

Den kan også kjøpast frå Einar forlag, men da kjem porto og ekspedissjon i tillegg, noko som i dag utgjer kr 130.